Den vanskelege openheita

28 Mar 2013 | Renate | Epost

Martin Fjellanger skjønte ikkje kva som var gale då ei tung tåke la seg over han og alt rundt han. No vil han ha meir openheit rundt psykisk helse.

Psykisk helse har lenge vore eit tabubelagt tema. Martin Fjellanger er ein av dei som ønskjer å snakke høgt der andre teier med mål om meir openheit. I følgje Rådet for psykisk helse vil det føre til eit opnare og rausare samfunn prega av gode haldningar, aksept og toleranse ovanfor psykisk sjuke på lik linje med fysisk sjukdom.

Tekst: Kristine Slettehaug   foto: Joachim Vie

Det er vanskeleg å sette ord på, men eg skal prøve. Det er å leve i ein tåketilstand. Eit mørkt, tåkete slør kjem over meg. Trongen til å vere åleine blir enorm. Eg tømmast for energi. Kjensla av å vere utmatta er konstant. Same kor mykje kvile eg får, blir eg aldri utkvilt. Kroppen blir stiv som ein stokk og det stikk i magen. Det som elles er i fargar, blir dystert, trist og grått. Tåkesløret gjer alt så uklårt. Eg har det vondt og famlar i blinde. Tilstanden er nesten litt surrealistisk.

– Slik, no er det sagt. Slik er det på sitt verste, seier han, og verkar nesten overraska over kor ufarleg det var å seie det høgt.

– Eg er kanskje ein overfølsam person. Nærtakande og ekstremt var. I blant tenker eg at eg har hatt desse greiene i meg heile tida. At eg er litt utsatt. Martin skildrar ærleg korleis det er å vere på botnen. Korleis det er å vere psykisk sjuk. Målet er openheit rundt psykisk helse, ikkje å syte. Syting er av det verste han veit. Han fortel historia si for å bryte eit tabu, og vil snakke høgt der mange teier.

– Så er det alle dei som skal spørje om korleis det går. Eg veit det blir gjort i beste meining når folk seier til meg: «Du må snakke om det, du må komme deg ut, ta deg saman og tenke positivt» Men tenk deg at du ligg over toalettskåla og spyr. Hadde du likt det om nokon kom bort og spurte om du ville snakke om det? Du har meir enn nok med å spy og få i deg væske. Eg vil heller ikkje snakke om det akkurat der og då. Eg treng berre ro. Eg har meir enn nok med å berre eksistere.

Kven er eg? Han er usikker på kvifor det har blitt slik i periodar. Kanskje det er genetisk? Eller kan hende starta det for 9 år sidan, då han var student i Sogndal.

– Eg takla veldig dårlig å «finne ut» at eg var homofil. Det passa ikkje med den eg ville vere, og med bakgrunnen min frå Jehovas Vitner. Ein kan kalle det ei lita identitetskrise.

– Alle spørsmåla gjekk til hovudet på meg. Kven var eg? Kven ville eg vere? Eg ville helst vere åleine med dette. Om natta las eg mykje. Funderte. På dagen sov eg. Mønsteret Martin kom inn i gjorde han periodevis folkesky. Det hendte han åt middag om natta på ein døgnopen bensinstasjon. I desse periodane ville han helst ikkje sjå folk.

–  Eg vart veldig….rar…  litt tungsindig, spent og kanskje litt nevrotisk, summerer Martin om starten på ei vanskeleg tid, og ler unnskyldande.

Det er så mykje eg vil finne ut av. Eg har så mange spørsmål, men ingen kan gje meg svara eg treng. Eg veit ikkje lenger kven eg er. Kven er eg? Kor skal eg?

Ute av funksjon. Martin hamna i ein depresjon. Etter kvart fungerte han ikkje som student lenger. Ny kunnskap ville ikkje sette seg.

– Det semesteret strauk eg på alle eksamenane mine. Eg fungerte ikkje. Han haldt maska. Ingen skulle få sjå kva han sleit med.

– Eg var redd for at om eg delte dette med nokon, så ville dei seie det vidare. Eg såg ikkje sjølv at eg var sjuk då, eg trudde berre eg var veldig rar. Når eg ser tilbake var eg nok kanskje det. I alle fall på veg til å bli det. Grensene er flytande, for psykisk sjukdom er ikkje svart/kvitt. Har ein brekt ein fot, så har ein brekt ein fot. Kor tid ein er psykisk sjuk og ikkje er vanskeleg å definere.

Til slutt orka ikkje Martin møte på skulen lenger. Han flytta heim til Førde for å få ei pause med alibiet at han skulle «jobbe litt».

– Prosessen med å komme ut av skapet var tung, men eg oppdaga at storparten av vennane mine tok meg for den eg var og ikkje brydde seg særlig om legning. Det var godt og eg lærte kva det vil seie å ha ekte vennar. Eg trudde at eg var på rett kjøl, men ei sterk tilbakevendande kjensle av tristheit kom oppå det heile. Og iblant fekk eg panikkanfall.

Eg kjenner meg slapp. Noko trykker meg ned, men eg veit ikkje kva. Sakte men sikkert kjem tåka. Eg står midt i den. Eit slør dett over meg. Alt rundt meg er uklårt og skummelt, nesten truande.

Ny start. Trening hjelpte Martin i tida då han kom ut av skapet, men ei krevjande kyssesjuke gjorde at han låg strak ut i fleire månader. Med kroppen i fysisk dårleg forfatning kjende han seg som eit lett bytte for den stadig tilbakevendande kjensla av tristheit, som berre blei sterkare.

– Eg hadde ikkje sjanse til å stå på eksamenane eg prøvde ta opp att. Eg var heilt fjern, flirer Martin, og klarar å sjå galgenhumor i det heile. Hausten 2006 prøvde Martin seg på ein ny start. Han flytta til Bergen, og synst det var ei stor lette med nye folk og nye omgjevnader.

– Og betre jaktmarknad, legg han til og smiler lurt.

– Ei spennande og kjekk tid med mange nye kjenningar og vener. Det var friande å få ein ny start. Men den dårlege kjensla, som eg ikkje klarte sette ord på då, hadde hengt seg fast i meg. Kroppen føltes tung og stiv, tristkjensla kom oftare og eg hadde store problem med å konsentrere meg med skulearbeidet.

Dei tunge tankane dukkar stadig opp. Det er ei hengemyr. Eg sparkar og sparkar for å komme opp att, men di meir eg sparkar, dess lenger ned søkk eg. Eg forstår ikkje kva som er gale med meg.

Fulltidsjobb med å eksistere. Løysninga vart å gå på fest. Så ofte som mogeleg.

– Ei dårleg løysning, eg veit. Men der og då var det ein effektiv måte å sleppe unna dei tunge tankane på. Når eg drakk alkohol klarte eg å gløyme alt det vanskelege og vere meg sjølv. Flaut, men sant. Skikkelig klisjé, seier han og himlar med auga.

– Skulen gjekk fortsatt dårleg. Å jobbe kunne eg berre gløyme. Eg hadde meir enn nok jobb med å kave meg vekk frå alt det triste. Den psykiske tilstanden forplanta seg i tillegg fysisk. Nakke, bryst og rygg var forknytt. Eg slappa aldri av, og etterkvart byrja det gjere vondt i kropp og ledd. «Kva er gale med meg?», spurte eg om att og om att.

Alt er heilt fint. Når folk spurte korleis det gjekk med han, svarte han stort sett at det gikk fint.

– Det var lettast å legge lokk over korleis det sto til. I ettertid ser eg tusenvis av løysningar. Eg skulle gått til psykolog, og eg skulle prata med folk. Sagt det går ikkje så bra. Eg har mange vonde tankar, og på skulen går det inn det eine øyret og rett ut det andre. Når du står midt i det ser du ikkje utvegar. Tenk, eg strauk på fem av seks eksamenar. Det var så flaut! Eg skamma meg så veldig. Ingen måtte vite. Det siste eg trengte var å få bekrefta at eg var mislukka. Det enklaste er å svare at alt er heilt fint. Det er vanskeleg be venner forstå, når ein ikkje gjer det sjølv ein gong, seier Martin oppgitt.

Når folk spør: Kva er planen vidare Martin? Prøver eg ofte å prate det vekk, skifte tema eller ramse opp ei innøvd frase. Sannheita er igjen: Eg har meir enn nok med meg sjølv, her og no.

Kroppen sa stopp. Han fortsette å hangle fram og tilbake mellom gode og dårlige periodar. Framleis frykta han at om han fortalte nokon korleis det sto til ville dei ikkje forstå og be han skjerpe seg. Det visste han at han ikkje kom til å klare. Men til slutt vart han tvinga til det.

– Då eg byrja få problem med Lånekassen sa eg til meg sjølv at no, no må du ta deg saman. Dette går ikkje lenger, vi må få skuta på rett kjøl. I eitt halvår prøvde eg intenst, og til ei viss tid klarte eg ta meg saman. Eg hadde alkoholfrie periodar, fekk deltidsjobbar, oppsøkte psykolog og byrja endelig å få gode karakterar igjen. Eg fekk tilbake både sjølvtillitt og meistringskjensle, var glad og ting såg lysare ut. Så sa kroppen stopp. Eg var utslitt, ville berre sove og ting blei så vondt igjen. Dette var rundt jul. Sjølv om det var mykje eg hadde lyst til å vere med på var behov for søvn og aleinetid større. Eg heldt senga. Det gjekk månader før eg følte meg nokon lunde oppegåande igjen. Eg fekk ny lege i Bergen som sa eg hadde bipolare tendensar. Han foreslo fleire medisinar eg kunne prøve meg fram med. I tida framover følte eg berre at eg famla blinde.

Så ligg eg der i senga, tom for energi. Eg vil ikkje snakke med nokon, for ingen vil forstå. Det eg kjenner er så fjernt frå normalen, at eg veit ikkje ein gong kva ord eg skal bruke for å forklare. Det verkar i kroppen, alt er forknytt. Kva gjer eg no? Kva gjer eg?

Hadde eg berre kunne fortalt. I dag får Martin hjelp av spesialist ved Fana Psykoterapiklinikk. Dei har gått vekk frå at han lir av bipolar liding, og jobbar med å utreie. Alkohol drikk han knapt, og snart er han i mål med utdanning i Samfunnsøkonomi ved Universitetet i Bergen.  Det går opp og ned, men mykje går betre.

– Eg har lært mykje om problema mine og kva eg må jobbe med. Og har lært å hjelpe meg sjølv. Det er det viktigaste. Ein kan gjere mykje sjølv for å betre situasjonen. Det å sette grenser og å seie nei har vore viktig lærdom for meg. Det vil nok komme fleire smellar, men no veit eg at eg klarar reise meg igjen. At det går over. For Martin er det viktig å få fram at alt ikkje har vore svart i tida han pratar om. Han har opplevd fleire gode stunder som forelskelse og fine vennskap, og er eigentleg ein svært ressurssterk person. Han er politisk aktiv med fleire verv, har bl.a fått publisert ein kronikk i BT, ein dyktig hobbyfotograf, aktiv i kulturlivet i Bergen og veldig sosial.

– Og det er kanskje slik folk har sett meg. For det er jo den sida ein viser fram. Mange oppfattar meg nok som ekstremt blid. Og eg er jo det, smiler Martin.Og så kjem han til poenget. Kvifor han ønskjer å fortelje historia si og vel å blottlegge alt han tidlegare skamma seg over, kvifor han deler sine innarste tankar:

– Hadde eg berre kunne snakka om dette før! Hadde berre ikkje psykisk sjukdom vore så tabu. Eg visste jo ikkje kva som feila meg. Ingen hadde snakka høgt om dette. Det vart så viktig at ingen skulle få vite kor svak og mislukka eg var. No veit eg at eg ikkje var svak, eg var sjuk. Og eg veit at det finst ei løysning.

Snakk om det. Han ønskjer bryte tabuet og ufarleggjere å snakke om psykisk helse. Dei tøffe erfaringane han har fått vil han bruke til noko positivt. Ingen skal synest synd i han, han vil berre ha openheit.

– Openheit er rette vegen å gå. Det er med på å normalisere det å vere psykisk sjuk og spreie kunnskap. Alt eg trengte då eg vart sjuk var trygge, gode folk rundt meg som kunne akseptere meg for den eg var.  Som eg kunne snakke med utan at dei dømde meg. Men eg skamma meg slik, eg visste ikkje at det eg opplevde var normalt. Difor fortalte eg aldri. Martin har nett byrja lette på sløret. Det er enno vanskeleg å vere ærleg når folk spør korleis det går.

– Eg pyntar framleis litt på sannheita for å ikkje å misse ansikt. Ein vil jo helst fortelje folk at ein fiksar ting og seie at det går bra. Men i staden for seier eg no at eg har hatt det litt tungt og at eg jobbar med det. Eg ønskjer ikkje all verdas råd og spark i ræva, eg vil berre kunne snakke opent om det. At psykisk helse snakkast om slik ein snakkar om alt anna.

Når eg fortel at eg slit, seier du at du ikkje veit kva du skal seie. Men du treng ikkje seie noko som helst, komme med løysningar eller fortelje meg kva eg skal gjere. Du er ikkje forplikta til å redde meg ut av dette. Berre ver medmenneske og aksepter at eg har dårlege periodar. Det er alt eg treng.

Men? Før vi rundar av spør eg Martin, utspekulert, korleis han har det. Som ei prøve på openheita han har snakka så varmt om.

– Eg ser lyst på det. Eg har det fint, seier han. Han kvepp litt, overraska over å igjen gå på autopilot og gitt meg svaret eg ville ha. Det enklaste. Han ler forfjamsa. Spør om vi kan vi ta det på nytt?

– Men?

– Eg har vore mykje for meg sjølv i det siste. Det har vore tøft. Men eg snakkar sant når eg seier at det går betre. Spør meg igjen om nokre månader. Då veit eg at eg har det heilt fint. Eg lovar. Han ler høgt.

– Eg er open for ei oppfølgingssak, spøkar han. Og vi trur han. Trur han når han seier at det skal gå bra til slutt.

Fasaden var viktigast

Då «Tobias» utvikla tvangstankar og depresjonar i starten av tjueåra, vart det ei ekstra byrde å måtte halde det skjult.

Illustrasjonsfoto. Foto: Malene Terøy

Tekst: Kristine Slettehaug

– Eg måtte jo ikkje halde det skjult. Ingen tvang meg. Men eg visste kva folk tenkte om psykisk sjuke. Slike fordommar ville eg unngå. Difor var det berre foreldra mine, kjærasten og to vener som visste kva eg sleit med.

Som lyn frå klår himmel. «Tobias» hadde ingen openbare grunnar til å utvikle tvangstankar eller gå inn i ein depresjon. Dei krevjande tankane kom som lyn frå klar himmel.

– Plutseleg var tankane mine veldig slitsame. Dei plaga meg og gav ei dårleg kjensle i kroppen. Eg kunne henge meg heilt opp i ein tanke som i utgangspunktet var normal. Problemet var at den gjekk om att og om att i hovudet mitt og var veldig påtrengande. Det skremde meg, og eg skjønte ikkje kva som skjedde. Det er litt som om når du ikkje klarar få ein song ut av hovudet. Den blir spelt om att og om att og om att. Når du prøvar motstå blir du berre endå meir bevisst på at du har denne tanken i hovudet.

Vanskeleg å snakke om. Tobias synst det er pinleg og vanskeleg å snakke om kva tankar han kunne henge seg opp i. Det var ikkje dei vanlegaste tvangstankane, som typisk går ut på at ein til dømes er redd ein ikkje har slått av ei kokeplate, har låst døra eller blitt urein i kontakt med andre menneske. Nettopp det gjorde sjukdommen ekstra vanskeleg.

– Eg følte eg var den einaste i heile verda som sleit med dette problemet. Ingen kom til å forstå. I frykt for at ho skulle forlate meg, turte eg ikkje fortelje kjærasten om tankane mine. I ein alder av treogtjue sat eg og hulka til far min medan eg prøvde forklare han problemet mitt. Han råda meg til å oppsøke fastlegen min for å få hjelp. Han understreka at eg var heilt normal, og at dette kunne fiksast. Det gav meg mot til å fortelje kjærasten kva eg sleit med.

Kjærasten forstod. Kjærasten hadde merka at «Tobias» sleit med noko, og at ikkje alt var som normalt. Ho var først og fremst letta over at han opna seg for ho.

– Eg var så glad for at ho ikkje avfeia meg som ein «psycho» Eg frykta ho skulle synest eg var rar om eg fortalte ho kva som føregjekk inne i hovudet mitt. Heldigvis klarte ho sjå forbi sjukdommen og sjå meg.

Skjulte det. Legen til «Tobias» forklarte at han hadde tvangstankar og understreka at dette var normalt.

– Å snakke med ein lege og få høyre at diagnosen var vanleg var ei stor lette. Dei slitsame tankane gjorde til at «Tobias» gjekk inn og ut av depresjonar. Tankane gav han ei uro i kroppen som gjorde han deprimert. ­

– Eg hadde gode periodar og eg hadde dårlege. At folk ikkje visste gjorde det ekstra slitsamt. Eg klarte gå på jobb, men det var som å ha to jobbar på dei verste dagane. Eg skulle ta meg av arbeidsoppgåvene mine, samstundes som eg skulle ta meg av det som føregjekk oppe i hovudet. No når eg ser tilbake synst eg det er rart at ingen merka at eg var sjuk. Til tider var eg veldig distré.

Laug til vennane. Det sosiale vart ei utfordring for «Tobias» og kjærasten.

– Når eg var sjuk og langt nede unngjekk eg sosial omgang. Det vart for slitsamt å vere til stades samtidig som eg skulle ta meg av tankane mine. Det vart mange kvite løgner. Hadde ikkje psykisk sjukdom vore så tabu, kunne eg berre sagt det som det var. «I dag har eg det ikkje så bra psykisk, så eg orkar ikkje vere med på kino». Men frykta for å bli dømt og sett rart på stoppa meg. Fasade var viktigast. Det vart ei ekstra byrde å alltid måtte lyge og sno seg unna arrangement og aktivitetar eg ikkje orka møte opp på. Også kjærasten sakna å vere open rundt sjukdommen.

– Ho synst det var surrealistisk å sitte og le og prate tull med venninnene og late som alt var bra heime, når det var alt anna enn det. Ofte valde ho vere heime med meg når eg ikkje hadde det bra, og då sa ho at ho skulle ønske ho kunne sei det som det var: Nei, i kveld kjem eg ikkje. Eg må vere heime og pleie den sjuke kjærasten min. Han har vondt i psyken.

Skulle berre visst. I dag er Tobias tilnærma frisk.

– Svært få veit kva eg gjekk gjennom i starten av tjueåra. Ein dag håpar eg å kunne fortelje folk at eg har vore psykisk sjuk. Men enno er eg ikkje komfortabel med det. Psykisk helse er ikkje noko ein snakkar så mykje om. I alle fall ikkje si eiga. Eg huskar spesielt ein som kom bort til meg på fest, ein eg trur sleit litt sjølv, og sa: Du har alt du. Ein bra jobb, fin bil, ei lekker dame ved di side og er alltid i godt humør. Eg skulle ønske eg var deg. Då lo eg innvendig og tenkte: Du skulle berre visst, du skulle berre visst!

Snakk om det!

Rådet for psykisk helse trur frykta for korleis psykisk sjuke sine tankar og kjensler vil bli møtt hindrar dei frå å snakke ope. Auka kunnskap rundt tema kan bidra til større aksept og mindre tabu.

Tekst: Kristine Slettehaug

Tove Gundersen er generalsekretær i Rådet for psykisk helse som er ein humanitær organisasjon som arbeider for å fremme psykiatrisk forsking og auka kunnskap om psykisk helse. Ho trur mange av fordommane rundt det å vere psykisk sjuk heng att frå fortida:

– Frå tidlegare tider med asyltradisjon, der psykisk sjuke og utviklingshemma vart plassert på store sjukehus, gjerne langt vekke frå “vanlege” folk, har det etablert seg fordommar mot menneske som er annleis. Sjølv om det er større openheit om temaet no, eksisterer det framleis ein stor forskjell på haldninga til psykisk og fysisk sjukdom. Ho oppmodar til meir openheit.

–  Mange har lite erfaring med å snakke om det som er vanskeleg. Vi i Rådet for psykisk helse trur at nettopp det å snakke om vanskelege tema hjelper. Ver ærleg og våg å dele! Det å dele kan hjelpe i seg sjølv, samtidig hjelper det omgjevnadane til å forstå og gi riktig hjelp.

Enklare å skulde på influensa. – Kvifor er det lettare å sei at ein har influensa enn å sei at ein har psykiske problem?

– I dagens samfunn med mange forventningar og krav kan det vere vanskeleg å innrømme at vi ikkje klarer leve opp til forventingane som blir stilte til ei kvar tid. Det er faktisk slik at det er meir akseptert og enklare å skulde på influensa, for det er noko alle har kjennskap til og kunnskap om. Gundersen meiner at ein må tilføre kunnskap om psykisk helse på alle samfunnsarenaer.

– Vi må sikre at dei som har psykiske problem blir inkluderte i skule og arbeidsliv. Openheit medfører forståing og ivaretaking, og vi må ha eit samfunn som gjer det trygt og meiningsfullt å vere open. Ein føresetnad er at ein blir møtt med gode haldningar og respekt. Viss ikkje er det naturleg å trekke seg tilbake med det ein slit med og lukke tankar og kjensler inne.

Ser meir openheit. I det siste har Rådet for psykisk helse sett at det er blitt meir openheit rundt psykisk sjukdom enn tidlegare.

– Dette kan skuldast til dels meir kunnskap og forsking rundt tema, og at politikken vier større merksemd til det. Utdanningsprogram blir tatt i bruk, vi har fått fleire hjelpetelefonar og sjølvhjelpsgrupper, og sterkare innflytelse frå pasientar og pårørande bidreg til meir openheit. Vi har i tillegg ei enorm auke i bruk av sosiale medier som er med på å spreie informasjon.

Arbeidslivet må inkludere. Gundersen håpar og trur at auka openheit vil føre til eit meir ope og rausare samfunn prega av gode haldningar, aksept og toleranse ovanfor psykisk sjuke på lik linje med fysisk sjukdom.

– Det er dessverre slik at enkelte framleis opplever utestenging frå arbeidslivet etter openheit rundt tidlegare psykisk sjukdom. Her har arbeidslivet eit samfunnsansvar. Mange bedrifter har forplikta seg til avtalar om inkluderande arbeidsliv, men samfunnet har framleis ein veg å gå. Ved å blant anna tilby kompetansehevande tiltak hos arbeidsgjevar set Rådet for psykisk helse fokus på psykisk helse og arbeidsliv.

Start i barnehagen. Førebygging og å starte tidleg meiner Gundersen kan vere ei løysning for å skape meir openheit.

– Psykisk helse bør inn i formålsparagrafen for barnehagane. Det er viktig å tidleg lære born eit språk for kjensler og ha fokus på vennskap og relasjonar. Det er lettare å bygge born enn å reparere vaksne! Vi må også auke tilgangen på helsesøstrer og psykologar i skulen og få inn psykisk helse på timeplanen. Slik kan born og unge tidleg få kunnskap om psykisk helse. I arbeidslivet må det inn som ein naturleg del av HMS-arbeidet, og vi må auke fokus på eldre si psykiske helse, rådar  ho.

Les og:

Bygdepatrioten som tenker stort
Firda på ville vegar?
Blodslit på Spitsbergen