Hellenes satsar på verftet i Førde

4 Nov 2011 | Roy Sunde | Epost

Teknologikonsernet Hellenes, med base i Førde, har inngått avtale med Ankerløkken Eigedom AS om å overta store deler av det nedlagde verftsområdet på Øyrane i Førde.

Planen er å gjere industriområdet, førebelse under namnet «Verftet», til eit drivhus for teknologiutvikling, som i sin tur skal føre til næringsutvikling og industriell vekst i heile Sogn og Fjordane.

Vertsområdet skal bli ein industriell motor for heile fylket

– Vi har ein visjon om å gjere Sogn og Fjordane til eit føregangsfylke innan utvikling av teknologi for framtida. Draumen er at Verftet med tida skal få eit innhald som gjer at det blir eit nasjonalt tyngdepunkt for teknologiutvikling innan fornybar energi og avfallsgjenvinning, seier eigar Agnar Hellenes.

Mangfald av ressursar

Hellenes seier at Sogn og Fjordane har eit mangfald av naturressursar som fisk, vatn, mineral og olje.

– Fylket har dei naudsynte føresetnadane for å kunne bli ein leverandør av slike ressursar, eller avkastninga av dei, både lokalt, nasjonalt og globalt. Målet vårt er både å styrke eksisterande industri i kommunane der den er, og å utvikle dei teknologiske og praktiske løysingane for dette på Verftet.

Agnar Hellenes i dagens produksjonslokaler på Vie

Samarbeid

Ei av årsakene til at valet fall på verftet inst i Førdefjorden, er at området er stort nok til å romme både Hellenes og dei andre aktørane i utviklingskjeda; frå idéskaparen eller forskaren med vage idéar om korleis behov kan løysast, via ingeniøren si utføring i teorien og bygging og testing av prototypar, til industrialisering av praktikarar og fagfolk. Det vil også vere plass til både private og offentlege leverandørar av sidetenester, som til dømes laboratorium, patentbistand, søknadsbistand og oppstartshjelp av ymse slag.

– Vi håpar at eit breitt utval av aktørar innan energi, ressurseffektivisering, industri og andre bransjar tek kontakt. Dei er hjarteleg velkomne til diskusjonar om samarbeid på Verftet, seier Hellenes.

Han trur også at dei gode relasjonane konsernet har til utdanningsinstitusjonar kan utviklast vidare i eit slikt miljø, og dei vil gjerne diskutere samarbeidsformer med desse:

– Vår erfaring er at samarbeid med yrkesskule, teknisk fagskule og ingeniørhøgskule om teknologiutvikling og industri gjev vinst både for elevane, lærestadane og bedriftene.

Hellenes-selskapa driv ei brei verksemd innan teknologi; teknologiutvikling, styring og kontroll av teknisk utstyr og prosessar og industriell produksjon, reparasjonar og vedlikehald. Tradisjonelt har selskapet hatt særleg fokus på oljeindustrien, energi, avfall og tryggleik, men er også involvert i fiskeoppdrett og bergverk, med leveransar av avanserte kontroll- og styringssystem. Fellesnemnaren er at selskapa utviklar og byggjer smarte og skreddarsydde teknologiske løysingar for utfordringar i industrien, både på land og s

Veks ut av dagens base

Selskapa har vore i sterk vekst siste åra, og hovudbasen er i ferd med å vekse seg ut av lokala i sandtaket på Vie:

– Vi trur at vi på verftsområdet på Øyrane har funne ein ideell plassering for vidare utvikling og vekst i selskapa våre, ikkje minst når vi på same tid kan bruke området til å dra med oss andre og prøve å gjere fylket til eit attraktivt område for etablering av teknologi- og industriføretak, seier dagleg leiar i Hellenes, Geir Opseth.


Dagens lokale byrjar å bli tronge, men med 4000 kvadratmeter på Ankerløkken er behovet stetta for langt tid.

Les og:

Woodies – skapt av moder natur, foredla av Boe&Sunde
Theas Afrika
Brannsjef og Strupetakar