Jul hos Marny Alice

8 Dec 2011 | Roy Sunde | Epost

Med ein kombinasjon av trend, tradisjon, heimelaga og naturens eigen juledekor har interiørbloggaren Marny Alice Solhaug funne sin julestil. Les, sjå og bli inspirert!

Julepynta trappegelender: Granbar høyrer jula til, og om du surrar det rundt trappegelenderet skapar du god, gamaldags julestemning. Her er det i tillegg pynta med sandkakeformer med bilete limt inn.

Heimekoseleg er stikkordet når ein trer inn i den julepynta heimen til Marny Alice og familien i Førde. Her gjekk startskotet for julepyntinga 1.søndag i advent, og omringa av vakre juledekorasjonar er det ikkje vanskeleg å komme i julemodus. Interiørbloggaren er først og fremst oppteken av å følgje sin eigen stil når ho pyntar til jul. – For meg er det viktig at julepynten er med på å skape riktige stemninga . Det skal vere ”meg” og det skal passe i heimen min. Eg pyntar ikkje etter kva som er inn og ut, men etter kva eg tykkjer er fint, seier ho.

Element frå naturen

Perla julepynt: Heimelaga julepynt kan du enkelt få til med perlebrett forma som stjerner og hjarter. I tillegg har Marny Alice og born laga figurar ved hjelp av kakeformer og fimoleire.

Likevel må ho innrømme at det er umogleg å ikkje la seg påverke av trendar også når det kjem til julepynting. – Det er vanskeleg å unngå interiørtrendane når ein skal pynte til jul. Ein blir påverka og inspirert av interiørmagasin og andre bloggar, seier ho og drar fram årets store trend: –Naturen! Element som kongler, mose, granbar og kvistar skal inn i heimen og brukast som dekorasjon. Ein kan gjere mykje fint med ting ein finn i skogen, og mange pyntar blant anna med ei naken busk som dei dekorerer. Heimelaga er også veldig riktig no, så det må gjerne sjå heimelaga ut. Samtidig er det veldig koseleg å lage eigen julepynt, seier Marny Alice som sjølv har vore flittig når det kjem til heimelaga pynt.

Tradisjon vs trend

Julepynta stillebein: Såkalla stillebein er blitt særs populært i interiørverda siste tida. Marny Alice har pynta sitt med ei heimedekorert fyrstikkøskje, flattrykte sandkakeformer med vintagebilete, tørkerullhaldarar med juleevangeliet limt rundt med tyll og blonder utanpå, ein reinsdyrlysstake, julekuler og eit gamalt, pynta barnematglas.


I følgje Marny Alice er ikkje folk like opptatt av å pynte tradisjonelt no som før. – Lilla til advent og rødt til jul er ikkje ei sjølvfølgje lenger. Sjølv kombinerer eg tradisjon med trend og brukar mykje kvitt saman med naturelement. Folk må sjølv få bestemme, men ein må ikkje ha huset fullt i raude nissar for at det skal bli jul, forklarar ho. Nokre tradisjonar held ho likevel fast på. – Eg har eit lys som er forma som ein nisse. Den står ope på loftet, og den kjem alltid fram litt før jul. Juletreet klarar eg ikkje å pynte anna enn tradisjonsrikt. Eg får meg ikkje til å pynte det kvitt, trendy og sterilt. Det blir heilt feil. I tillegg har vi ein julekalender som ikkje er så veldig fin. Den har vi hatt lenge og dottera mi krev at den skal fram kvart år. Så då får det bli sånn då, smiler ho.

Endå litt til

Kvit nisse: det er ingen lov som seier at nissene skal vere raude.

Ma Belle Maison: Vitrineskapet er pynta med kransar og kongler i sølv, og er med på å gje stova det rette julepreget.


Når vi kjem tettare opp mot jul blir huset til Marny Alice fylt med endå litt meir julepynt. – Ja, vi må ha fram litt fleire nissar. Det var nokre år det eksploderte med julepynt her rett før jul, men eg har moderert meg litt dei siste åra, ler ho. –Eg synst folk skal pynte etter smak og behag. Det viktigaste er at ein kjem i julestemning, smiler ho.

Interiørbloggar Marny Alice Solhaug har opna den julepynta heimen sin for Fylkesmagasinet.

Ønskjer du å sjå meir av det julepynta huset til Marny Alice kan du gå inn på bloggen hennar: www.kalasmystiskehjorne.blogspot.com

Les og:

Førdefestivalen og Sparebanken Vest i tre nye år
Klart lågast i landet
Elevar held liv i gamle julemattradisjonar